Ebene 5.png

Leonhard Haberl

Andre t(j)enester ved sida av Læringsbasaren

Komposisjon og arrangering

Gruppe kopieren 1.png
Gruppe kopieren 3.png
Gruppe kopieren 2.png
Gruppe kopieren 4.png

(Bokmål)

Ved siden av Læringsbasaren, tilbyr organisasjonen Haberl også andre tjenester. Én av dem er det å lage:

arrangementer

orkestreringer

klassiske komposisjoner

Har du f.eks. noen du er glad i og som du ønsker å dedikere et stykke musikk? Eller er du med i et korps eller kor og ønsker å få et stykke tilpasset til deres behov? Eller ønsker du rett og slett noe helt annet?

Ta kontakt her

I utgangspunktet tar jeg betalt etter halve timer à 400kr, men så klart må vi først ta utgangspunkt i idéene dine, så kan vi snakke mer om prisen. Det kan også være et fast beløp som vi blir enige om, og jeg kommer selvsagt til å sende deg et tilbud før vi setter i gang. 

Nede her finner du en liten presentasjon om både meg som komponist og min utdanning innenfor musikkfaget. Til slutt kan du høre på noen av mine verk som er spilt av det elektroniske Garritan-orkesteret. Husk at jeg «bare» arrangerer eller komponerer og ikke innspiller eller utøver musikken din!

Jeg som komponist:

Stort sett fokuserer jeg på orkestrale verk, men det hender også at jeg skriver kammermusikk eller soloverk. Jeg oppfatter meg selv som en arbitrær blanding av modernisme, neoklassisisme og neoromantisisme, til tross for at jeg absolutt foretrekker det sistnevnte av de tre. Ved siden av helhetlige orkesterverk liker jeg det også svært godt med å komponere konsertante verk for et eller et annet soloinstrument med orkester (noen ganger også bare med piano). Dessuten har jeg allerede lagd filmmusikk til ulike små dokumentarfilmer, og fått utover det mye glede av å komponere musikaler med litterære eller historiske handlinger.

   Som man kanskje kan høre, så er jeg veldig glad i orientalismer og nedgående kromatikk — spesielt frygiske sekunder og lydiske kvinter —, og jeg blir som regel i et tonalt sentrum selv om ikke alle akkordprogressjoner følger de strikte funksjonsharmoniske prinsippene. For meg er det viktig med motivisk utvikling, men jeg ønsker ikke å danne uendelige temaer, derfor kan min musikk ofte betraktes som en slags blanding av tysk-østerriksk polyfon stil og kutsjkistiske forandrende bakgrunner.   

Min utdanning innenfor musikk:

● Piano

      privatundervising

● Fiolin

      Norbert Artner musikkskule i Sankt Veit a.d. Glan

● Musikkteori

      Norbert Artner musikkskule i Sankt Veit an der Glan

● Hørelære

      Norbert Artner musikkskule i Sankt Veit an der Glan

● Klassisk sang

      Norbert Artner musikkskule i Sankt Veit an der Glan

● Komposisjon

      Kärntner Landeskonservatorium

● Harmonilære

      Kärntner Landeskonservatorium

● Fagott

      Kärntner Landeskonservatorium

● Konsertharpe

      Kärntner Landeskonservatorium

● Fordypende musikkundervisning

      BG/BRG Sankt Veit an der Glan

● Tverrfløyte

      Universitetet i Oslo

● Master og bachelor i musikkvitenskap

      Universitetet  i Oslo, med vekt på...

         - musikkhistorie (spesielt russisk og kutsjkistisk musikk)

         - musikkestetikk

         - satslære (rytmisk og klassisk)

         - musikkpedagogikk

Her kan du sende din henvendelse:

(Nynorsk)

Ved sida av Læringsbasaren, tilbyr organisasjonen Haberl òg andre tenester. Éi av dei er det å laga:

arrangement

orkestreringar

klassiske komposisjonar

Har du t.d. nokon du er glad i og som du ønskjer å dedikera eit stykkje musikk? Eller er du med i eit korps eller kor og ønskjer å få eit stykkje tilpassa til behova dokkar? Eller ønskjer du rett og slett noko heilt anna?

Ta kontakt her

I utgangspunktet tar eg betalt etter halve timar à 400kr, men så klårt må me først ta utgangspunkt i idéane dine, så kan me snakka meir om prisen. Det kan òg vera eit fast beløp som me blir samde om, og eg kjem sjølvsagd til å senda deg eit tilbod før me set i gang.

Nede her finn du ein liten presentasjon om både meg som komponist og utdanninga mi innanfor musikkfaget. Til slutt kan du høyra på nokre av verka mine som er spelt av det elektroniske Garritan-orkesteret. Hugs at eg «berre» arrangerer eller komponerer og ikkje speler inn eller utøver musikken din!

Eg som komponist:

Stort sett fokuserer eg på orkestrale verk, men det hender òg at eg skriv kammermusikk eller soloverk. Eg oppfattar meg sjølv som ei arbitrær blanding av modernisme, neoklassisisme og neoromantisisme, til trass for at eg absolutt føretrekkjer det sistnemnde av dei tre. Ved sida av heilskaplege orkesterverk liker eg det òg svært godt med å komponera konsertante verk for eit eller eit anna soloinstrument med orkester (nokre gongar òg berre med piano). Dessutan har eg allereie laga filmmusikk til ymsne små dokumentarfilmar, og fått utover det mykje glede av å komponera musikalar med litterære eller historiske handlingar.

   Som ein kanskje kan høyra, så er eg veldig glad i orientalismar og nedgåande kromatikk — spesielt frygiske sekundar og lydiske kvintar —, og eg blir som regel i eit tonalt sentrum sjølv om ikkje alle akkordprogressjonar følgjer dei strikte funksjonsharmoniske prinsippa. For meg er det viktig med motivisk utvikling, men eg ønskjer ikkje å danna uendelege tema, difor kan musikken min ofte betraktast som ein slags blanding av tysk-austerriksk polyfon stil og kutsjkistiske forandrande bakgrunnar.   

Utdanninga mi innanfor musikk:

● Piano

     privatundervising ↵ 

● Fiolin

 Norbert Artner musikkskule i Sankt Veit a.d. Glan  

● Musikkteori

    Norbert Artner musikkskule i Sankt Veit an der Glan  

● Høyrelære

 Norbert Artner musikkskule i Sankt Veit an der Glan  

● Klassisk song

  Norbert Artner musikkskule i Sankt Veit an der Glan  

● Komposisjon

Kärntner Landeskonservatorium  

● Harmonilære

Kärntner Landeskonservatorium  

● Fagott

Kärntner Landeskonservatorium  

● Konsertharpe

Kärntner Landeskonservatorium  

● Fordjupande musikkundervising

      BG/BRG Sankt Veit an der Glan  

● Tverrfløyte

Universitetet i Oslo  

● Master og bachelor i musikkvitskap

Universitetet  i Oslo, med vekt på...  

         - musikkhistorie (spesielt russisk og kutsjkistisk musikk)   

         - musikkestetikk   

         - satslære (rytmisk og klassisk)   

         - musikkpedagogikk   

Her kan du senda førespurnaden din:

 
Hvordan fikk du vite om meg? / Korleis fekk du vita om meg?
Hva synes du om denne nettsida? / Kva synest du om denne nettsida?

Takk for at du tar kontakt!

Og her kan du høre på musikken min!

Vil du kanskje til og med framføre den?

Bare si ifra gjennom skjemaet der oppe, 

og så får du kanskje også notene tilsendt gratis!

Og her kan du høyra på musikken min!

Vil du kanskje til og med framføra han?

Berre sei ifrå gjennom skjemaet der oppe,

og så får du kanskje òg notane tilsendt gratis!